Straumprisane fell på Austlandet. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Lågaste vinterstraumpris sidan 2021 i Sør-Noreg

Ikkje sidan Russland sin invasjon av Ukraina drog opp energiprisane i Europa, har straumprisane vore lågare på vinterstid i Sør-Noreg.

I februar var snittprisane 67-68 øre/kWh. Det er 40 prosent lågare enn nivåa for eitt år sidan, skriv Europower.

På Austlandet (NO1) var prisen heilt oppe i éi krone kilowattimen den 8. februar, men elles har dei stort sett lege godt under. På Sørvestlandet (NO2) og Vestlandet (NO5) er biletet nokolunde det same.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå januar til februar fall prisane i NO1 med nesten 25 øre/kWh. (©NTB)