Siste nytt frå politiloggen.

Laga trøbbel - stakk av

Ein utestad på Sandane hadde problem med ein rusa gjest i natt. Då det vart ringt til politiet, stakk gjesten av.

Her er eit utdrag frå politiloggen:

Kl. 04:58 Florø: Fleire personar involverte i eit slagsmål på ein bensinstasjon. Dei var vekke då politiet, som veit kven dei er, kom til staden.

Kl. 01:22 Sogndal: Ein mann i slutten av tenåra viste fingeren til politipatruljen. Vedkomande erkjende forholdet og er villig til å vedta bot i saka.

Kl. 03:35 Førde: Slagsmål utanfor ein utestad. Mann i 20-års alderen vist vekk frå sentrum. Saka blei ordna på staden.

KL. 01:32 Førde: Patruljen klipte skilta på ein bil. Bilen var ikkje framstilt for kontroll. I tillegg var han selt, men ikkje omregistrert.

Kl. 00:18 Førde: Klage på bråk frå ei leilegheit. Patruljen reiste til staden og snakka med partane. Forholdet blei ordna på staden.

23:23 Sogndal: UP hadde promillekontroll i Helgheimsvegen på Rv 5. 14 blei kontrollerte. 13 av dei OK, men ein førar fekk utslag på promille.