Olava Sårheim Felde (9) (t.v.) og Eirin Paulen (10) er ivrige skikøyrarar.

Ladar opp til Even Hole Cup: – Det er veldig kjekt å stå på slalåm

Med fleire treningar i tida før påske håpar skigruppa til Breimsbygda Idrettslag å senke terskelen for å delta i det tradisjonsrike alpinrennet Even Hole Cup på Utvikfjellet.

– Eg likar å vere ute i snøen og å vere i fart, fortel Olava Felde Sårheim.

Saman med Eiril Paulen er ho med på trening til Even Hole Cup på Utvikfjellet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to er på ski så ofte dei kan. Olava fortel at ho likar å køyre på ski ilag med vennene sine. Eiril trivst også godt i bakken.

– Eg synest det er veldig kjekt å stå på slalåm, fortel ho.

Torsdag var ein fin dag på Utvikfjellet med sol og blå himmel, men det var litt hardt føre.

– Det var litt vanskeleg for det var litt hardt, og så sklir du. Det går veldig fort, fortel Eirin.

Vêret spelte på lag og sola skein under Even Hole Cup-treninga torsdag.

Fleire treningar før cupen

Det har vore enkelttreningar før Even Hole Cup tidlegare år òg, men i år er det fleire treningar enn før.

Det fortel Per Asbjørn Felde, som er med i skigruppa i Breimsbygda Idrettslag. Treningane er både for barn og vaksne. Førre gong møtte kring 20 deltakarar.

– Det er storslalåmløype frå toppen av den lengste heisen og så langt det går å stikke. Der er trenarar som gir tips, så kan ein bruke tipsa viss ein vil. Viss ikkje, kan ein berre trene og køyre for seg sjølv, fortel Felde.

Barn som deltek på meir enn tre treningar, kan vente seg ein liten premie. Målet er å senke terskelen for å delta på sjølve Even Hole Cup i påska.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor var det 107 deltakarar i rennet. Felde fortel at 39 av dei var frå Breim, der rundt ti av dei var tidlegare aktive alpinistar, medan mange hadde mindre erfaring med løypekøyring og konkurranse. Dei ønskjer at rennet skal vere eit breiddearrangement, der heile familien kan delta.

– Det er ikkje blodig alvor. Det er berre eit mororenn i påska. No får ein moglegheit til å trene litt og er betre rusta før rennet.

Trenar Nils Sårheim (t.v.) og Per Asbjørn Felde i skigruppa til BBIL. Borgny Kristin Hetle var også med som trenar denne dagen.

Konkurrerer med brørne

Kanskje er det ikkje blodig alvor, men litt familiær kniving ligg det an til.

Vegard Hetle (11) driv aktivt med alpint og hadde funne vegen på treninga til Even Hole Cup. Han har vore med på både treninga og cupen før.

– Eg er med for å bli god på ski, og for å slå brørne mine i Even Hole Cup, smiler han.

Det er berre han blant vennane som deltek i alpinrenn rundt om, men i påska er det annleis.

– På Even Hole Cup er alle med, seier Vegard.

Vegard Hetle trenar før Even Hole Cup i påska, og vil gjerne ta opp konkurransen med dei eldre brørne.

Vil ta inn nokre sekund på veslebror

– I dag var det hardt. Eg hadde litt for sløve kantar på skia, så i dag måtte det jobbast, seier Ole Kristian Felde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han er heime på vinterferie og brukte anledninga til litt skikøyring. Dei siste åra har alle søskena konkurrert i cupen. Då blir det gjerne forhandla litt om sekund på førehand, smiler han.

– Det er intern konkurranse i familien, og målet er å ta inn nokre sekund på veslebror, fortel han.

Bror er Elias Felde, som har vore aktiv alpinist og vann Even Hole Cup i herreklassa både i 2022 og 2023. Ole Kristian Felde har sjølv vore med i arrangørkomiteen til rennet i nokre år. Han synest det er kjekt når heile familien samlast på Utvikfjellet i påska.

– Det er masse folk her oppe, masse liv og kjekt å vere i bakken.

Ole Kristian Felde nytta ein fin vinterferiedag til litt skikøyring på Utvikfjellet.