Illustrasjon: Snøhetta/Kystverket.

Kystverket borer hol i Stadlandet

Samferdsledepartementet har bede Kystverket om å rekne ut på nytt kva utbygginga av Stad skipstunnel vil koste. Eitt ledd i det arbeidet er å bore eit 1,7 kilometer langt hol.





– Om nokon skulle lure, er det altså ikkje snakk om at vi startar bygginga av skipstunnelen. Det er berre snakk om nye og grundigare undersøkingar av bergkvaliteten, forklarar Terje Andreassen til Kystverket.no. Han er prosjektleiar for Stad skipstunnel.





Kystverket har starta arbeidet med å kvalitetssikre prisen på Stad skipstunnel. Ein del av arbeidet er å ta ut bergprøvar i den 1,7 kilometer lange traseen til tunnelen.





– Vi skal ta ut kjerneprøvar i heile lengdeprofilen for den planlagde tunnelen, frå Moldefjorden til Kjøde. I arbeidet skal det borast frå begge endar. Med dette får vi kartlagt og analysert endå grundigare kvaliteten på fjellet i heile tunnelprofilen. Dermed blir basiskostnaden for anleggsarbeidet meir presis, og vi får redusert uvissa knytt til kostnadene, opplyser Andreassen.





Må kutte kostnadar





Ei ekstern kvalitetssikring av tunnelprosjektet frå i fjor vår konkluderte med at Kystverket undervurderte utfordringane ved bygginga av den 1.700 meter lange tunnelen og at prosjektet ville bli mykje dyrare enn planlagd. Kvalitetssikrarane meiner det er sannsynleg at prosjektet vil koste 3,6 milliardar kroner.





Målet med den nye gjennomgangen til Kystverket er å få kostnadene ned til nivået bestemt i Nasjonal Transportplan (NTP) 2018–2029. Der er det sett av 2,7 milliardar kroner til den unike skipstunnelen.





Resultatet av gjennomgangen skal leverast departementet innan 15. juni 2019, opplyser Kystverket.





76 millimeter hol





Holet blir bora to meter under toppen av det planlagde tunneltaket. Den store frykta er å kome inn i svake soner der boret kan kile seg fast, fortel selskapet Diamant Wire Teknikk til Teknisk Ukeblad.





– Det er eit veldig tidkrevjande arbeid. Den store uvissa er om vi møter veldig dårleg fjell slik at boret set seg fast langt inne i fjellet. Det tar tid og er eit krevjande arbeid, seier dagleg leiar Roger Søyland.





Holet blir 76 millimeter i diameter. Borearbeidet startar i veke seks og er venta å ta to månader. Kjerneprøvane skal gi Kystverket nøyaktig informasjon om bergkvaliteten gjennom heile traseen. (©NPK)