23. juni blir det offisiell opning av kystpilegrimsleia frå Stavanger til Trondheim. Foto: Gorm Kallestad/NTB scanpix/NPK.

Kystpilegrimsleia opnar på Smøla





Jonsok blir det nasjonal opning av kystpilegrimsleia på Edøy på Smøla i Møre og Romsdal med veteranbåtkortesje, pilegrimsvandring og utflukt til runesteinen på øya Kuli. 


Der blir det òg bålbrenning og trekkspelmusikk, mens hovudarrangementet er lagt til amfiet på Gurisenteret. Der skal mellom andre skodespelar og Turboneger-medlem Hans-Erik Dyvik Husby og biskop Ingeborg Synøve Midttømme medverke.


Kystpilegrimsleia vart godkjent som ein av St. Olavsvegane til Trondheim og Nidarosdomen i desember i fjor. Opninga av den historiske seglingsleia skal i år markerast mange stader langs kysten, men hovudmarkeringa er lagt til Smøla, fortel Smøla-ordførar Roger Olsen.


– Vi håper mange tar turen til Smøla 23. juni og blir med på å markere opninga av eit heilt spesielt reiselivsprodukt med både innhald og meining, seier Olsen.


Hovudmarkeringa av kystpilegrimslei-opninga sankthansaftan er eit samarbeid mellom Smøla kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren og Møre og bispedømme. (©NPK)