Kyrkjerådet tillèt ekspressgravferd
Ein ny liturgi som vart vedteken i Kyrkjerådet torsdag, tillèt norske prestar å halde ei forkorta gravferd i samband med koronaviruset.
Dei to mest drastiske endringane er at talen til presten blir gjort om til ei helsing som skal vare i maksimalt to minutt, skriv Dagen. Korte helsingar, blomepålegging, musikk og såkalla valfrie handlingar er òg blant tinga som er fjerna frå liturgien.
Skriftlesinga og talet på salmar er òg innskrenka i den nye gravferdsliturgien.
Bispemøtet i Den norske kyrkja, som har lagt fram forslaget, grunngir det med at koronaepidemien gjer at det kan bli behov for å gjennomføre gravferder på 20 minutt.
(©NPK)