Kyrkjene opnar for inntil 100 personar i gravferder

Det blir no tillate med inntil 100 personar på innandørs arrangement. Det gjeld òg gravferder og bisettingar.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet er tydelege på at å tillate 200 personar innandørs òg ved faste tilviste sitjeplassar inneber ei for stor lemping i den ustabile smittesituasjonen.

– Eg er veldig glad for at dette fører til at fleire kan samlast på gudstenester rundt om i landet og at vi aukar talet som kan delta i gravferder frå 50 til 100 personar. Gravferder og bisettingar er spesielt viktige fordi dei ikkje kan utsetjast og er fundamentet for sorgbearbeiding. Derfor trur eg denne endringa er viktig for mange, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).