Kven skal styre maten?

Bergens Tidende likar å kalle seg Vestlandets storavis, men det gjeld tydelegvis ikkje for landbruket, framleis sjølve grunnpilaren i dei aller fleste bygdesamfunn over heile Vestlandet. I ei leiar sist veke slår dei til i ultraliberalistisk stil og krev ein meir moderne matmarknad.

Eller dei vil slakte det som dei kallar ei av dei aller heilagaste kyrne i norsk politikk: At samvirka i jordbruket har einerett til å regulere sin eigen marknad. Det er på høg tid å liberalisere det norske omsetnadssystemet, ordninga er for komplisert og byråkratisk, hevdar avisa, som vil la marknadskreftene overta.

At dagens ordning har svake sider og byråkratisk, er vel dei fleste samde om. Det er heilt sikkert mogeleg både å forenkle og gjere systemet meir oversikteleg. Men det er ikkje det vi snakkar om her. Det handlar derimot om dei viktige prinsippa norsk landbruk i dag er bygde på. Nemleg at det er produsentane landet rundt, små og store bønder, som er eigarar av samyrkeorganisasjonane. Den grunnleggande tanken bak samyrket er ein for alle og alle for ein, eller du er like mykje verdt uavhengig av kvar du bur og kor stor produksjonen er. Det betyr at ein bonde i øvste Hyen, inste Stardalen eller høgt oppe i dalen skal få levert si mjølk og sine slakt, slik at garden sine verdiar kan nyttast til mat og verdiskaping.

Les heile leiaren i papirutgåva onsdag.