Dei to frisørsalongane Floke og Balanzera blei Årets nynorskbrukar 2019, her saman med tidlegare styreleiar i Nynorsk kultursentrum, Lodve Solholm. Foto: Nynorsk kultursentrum.

Kven fortener å bli Årets nynorskbrukar?

Nynorsk kultursentrum i Ørsta vil gjerne ha forslag på kandidatar til prisen Årets nynorskbrukar 2022.

Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har vist evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk, og som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.

Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut på Dei nynorske festspela i Ørsta.

Artikkelen held fram under annonsen.

I fjor fekk Bergen kommune prisen for planane om å etablere ein fast nynorskklasse på ein sentrumsskule i Bergen.

(©NPK)