Sport: Trude Raad sletta nok ein gong sin eigen krinsrekord i slegge, med eit kast på 55,44.

Kunstgrasbane vil koste 12 mill. kr

Tysdag overleverte STIL søknaden om kommunal medverknad på 3 mill. kr til bygging av ei kunstgrasbane på Myklebustflata med garanti for utbetaling i 2011. STIL ber samtidig om at kommunen vert såande som formell eigar av anlegget slik at prosjektet kan gjere seg nytte av reglane om momsrefusjon for kommunale investeringar.

Stort behov
I søknaden slår STIL fast at laget er villig til å ta ansvar for gjennomføringa med totalfinansiering, planlegging og bygging. Målet er at kunstgrasbana står klar til bruk allereie i 2008.
I søknaden blir det slått fast at behovet er svært stort. Sandane er i dag den einaste staden av alle det er naturleg å samanlikne seg med i fylket, som ikkje har kunstgrasbane. Den fremste fordelen er at ei slik bane utvidar sesongen i begge endar og toler bortimot uavgrensa bruk. All erfaring viser også at eit slikt anlegg vil bli mykje brukt og føre til auka aktivitet. For å hevde seg sportsleg er ei kunstgrasbane også viktig.

I papirutgåva kan du lese meir om:
- Flytteprosjekt i Nordfjord går vidare
- No kan du sjå Astrup-platene også
- Ny distriktsmusikar

Arild Bruland i Kunstgrasnemnda håpar ein kunstgrasbane står ferdig hausten 2008. Tysdag sende STIL søknaden til Gloppen kommune om 3 mill. kr i tilskot.