Mølltunet ligg ved Ørnevegen i Geiranger. No er klyngetunet tildelt Kulturminneprisen for 2021. Foto: Sigurd Neby/Willy Nikkers AS.

Kulturminnepris til Mølltunet i Geiranger

Eigarane av Mølltunet i Geiranger får Riksantikvaren sin kulturminnepris for 2021.

Kulturminneprisen blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for kulturminne.

Mølltunet omfattar tre bruk, Utigard, Bøtel og Framigard med kvar sine eigarar. Dei som får prisen er Annette Synneva Mjøll og Willy Fredheim, Per Otto Solhaug og Lia Ørjasæter Solhaug, og Jan Ottar Møll og Solveig Loe Woldseth.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mølltunet er eit fantastisk tun som ligg i verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Dette bygningsmiljøet har vore uendra dei siste 120 åra, ikkje minst på grunn av dedikerte eigarar. Tunet er eit framifrå eksempel på vern gjennom bruk, seier riksantikvar Hanne Geiran.

Tunet ligg ved den bratte Ørnevegen i Geiranger. Nye bustadhus og driftsbygg er bygde utanfor den gamle tunskipnaden. Slik har det vore mogleg å ta vare på det opphavlege tunet, og samstundes kunne bu og drive eit meir rasjonelt og moderne jordbruk på staden.

Anette Møll og Jan Ottar Møll i Geiranger får saman med fire andre Riksantikvaren sin kulturminnepris for 2021. Foto: Sigurd Neby/Willy Nikkers AS

Mølltunet har elleve freda bygningar, daterte til 1700-talet og fram til 1905.

Klyngetuna var vanlege på Vestlandet frå mellomalderen og fram til midten av 1800-talet, då dei store innmarksutskiftingane fann stad. Klyngetuna danna ofte små, tettbygde «landsbyar» som var sette saman med fleire bruk med ein tett sosial struktur.

Etter utskiftingane vart desse oppløyste, og enkeltståande bruk vart oppretta. Der det av ulike årsaker, blant anna rasfare på staden, ikkje var mogleg å danne enkelståande bruk, slik som på Møll, vart den gamle tunstrukturen ståande.