– Velkommen til ei ny kulturnatt, seier medlemmene i komiteen. Frå venstre: Jonas Øren, Kjersti Rønningen, Ann Karin W. Ose, Jan-Kjetil Øygard, Ola Tarjei Kroken, Hanne Oftedal, Torill Berge og Kristin Svendsen.

Krydrar sentrum med kultur

Komande fredag kan du få med deg ei lang rekkje kulturelle opplevingar i Sandane sentrum, på Nordfjord Folkemuseum og i Trivselshagen. Då vert Kulturnatt i Nordfjord skipa til for 10. gong.

I komiteen for det lokale arrangementet sit representantar for kultursektoren i Gloppen kommune, Firda vidaregåande skule, Trivselshagen, Nordfjord Folkemuseum og forteljarfestivalen Forteljarane kjem.

Samarbeid med butikkar

– I år har vi eit godt samarbeid med butikkgruppa på Sandane. Gloppen Tango er også med på opplegget. Den kombinasjonen vi har av offentlege kulturinstansar, kulturutdanningsinstitusjonar og frivillige lag og organisasjonar er bakgrunnen for at kommunen vår gjer det så godt på kulturbarometeret til Telemarksforsking. I år hamnar vi på fjerdeplass og er i godt selskap med andre kommunar som er store på kultur nasjonalt. Det gjer oss stolte og glade. At kulturarbeidarar blir løfta fram i ein slik statestikk, er veldig fint, seier Hanne Oftedal, som er medlem av komiteen.

Kulturnatta kom i stand som eit samarbeid mellom kommunane i Nordfjord. Målet var at dette skulle blir eit årvisst arrangement, og det er det blitt.

Les meir i papirutgåva fredag.