Kronprinsesse Mette-Marit blir beskyttar for Nynorsk kultursentrum. Foto: Jørgen Gomnæs/Det kongelege hoff.

Kronprinsesse Mette-Marit blir beskyttar for Nynorsk kultursentrum

Kronprinsesse Mette-Marit har sagt seg villig til å vere beskyttar for stiftinga Nynorsk kultursentrum.

– Vi er svært glade for at kronprinsessa viser denne interessa for stiftinga gjennom beskyttarskapen sin. Det er ærefullt at kongefamilien vil heidre nynorsk skriftkultur på denne måten, seier styreleiar Lodve Solholm i Nynorsk kultursentrum, i ei pressemelding.

Ordninga med kongeleg beskyttarskap fungerer som ei anerkjenning av organisasjonar og arrangement innanfor viktige område av samfunnslivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kronprinsessa er eit førebilete med si genuine interesse for litteratur, og anerkjenninga hennar er ein stor inspirasjon for oss, seier administrasjonssjef Gaute Øvereng i Nynorsk kultursentrum.