Kristin Roset (t.v.) og Kristin Tennebø Holslag er spente på om treningsreisa deira til Spania vil bli ein suksess.

Kristin & Kristin med nytt tilbod under spansk sol

– Dette bør vere noko for dei som ønskjer å ha ei veke for seg sjølve, trene og kose seg. Ein treng slett ikkje å vere konkurranseutøvar for å vere med, men ein må like å bevege seg, smiler Kristin Roset.

Saman med Kristin Tennebø Holslag, inviterer tidlegare mellomdistanseløpar, no bokaktuelle Kristin Roset til treningsreise på den spanske Middelhavskysten til hausten.

– Er godt kjend

– Det blir ei veke med ulike aktivitetar og mykje moro. Kristin vil ha ansvaret for styrketreningsøkter på stranda, medan eg tek meg av springetreninga. Der blir det mellom anna fokus på teknikk. I tillegg blir det fjelltur, foredrag og sosiale aktivitetar, seier Kristin Roset.

Både Roset og Tennebø Holslag kjem opphavleg frå Sandane. Roset bur på Lillehammer, medan Tennebø Holslag er busett nettopp i Albir.

– Ho har budd der i 16 år, er godt kjend og vil vise oss rundt i området, fortel Kristin Roset.

Les meir i papirutgåva måndag.