Illustrasjonsfoto: Anders Malm/NPK.

KrF vil forby røyking på offentlege stader

Kristeleg Folkeparti vil fremme eit forslag som vil gjere det forbode å røykje fleire offentlege stader utandørs.


– Vi opplever at mange tar kontakt fordi dei i sommarhalvåret slit med å vere ute enkelte stader fordi det går utover helsa deira, seier Olaug Bollestad, nestleiar i KrF og leiar i Stortingets helsekomité, til NRK.


Partiet vil derfor komme med eit forslag til lovendring som gjer at ein kan ha røykjeforbod også på dei mest strategiske plassane der folk oppheld seg.


KrF fremmar sitt forslag i Stortinget torsdag eller måndag neste veke.


Bollestad seier ho er førebudd på at forslaget kan virke provoserande for røykjarar, men at dei som slit med helsa må komme føre.


– Vi ønsker å lage område sånn at alle kan vere trygge på at dei ikkje blir eksponerte for røyk. Dette vil vere ei god sak for Helse-Noreg, det er god førebygging, og det er god helsepolitikk, seier ho.


Sveriges sosialminister Annika Strandhäll (S) la i vinter fram eit forslag der ho går inn for røykjeforbod på allmenne møtestader som uteserveringar, haldeplassar og leikeplassar. Regjeringa i landet har som mål at Sverige skal vere røykfritt i 2025. (©NPK)