Gloppen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har kravd over fem mill. kroner i erstatning frå Trivselshagen IKS for det stengde badeanlegget. Arkivbilete frå sist i november då flislegginga starta opp att.

Krev nær fem mill. kroner i erstatning

Gloppen kommune krev 4,05 mill. kroner i erstatning for 2016 for stengt badeanlegg. I tillegg kjem erstatningskrav for kvar månad anlegget vert stengt i 2017.

I august i fjor varsla Gloppen kommune at det ville bli sett fram eit erstatningskrav for det stengde badeanlegget i Trivselshagen. No har dei aktuelle leigetakarane i Gloppen kommune rekna på tapte inntekter og ekstra utgifter stenginga har medført.

Billettinntekter

Den største posten gjeld tapte billettinntekter til badeanlegget som vart stengt fjerde januar i fjor. Kravet er på 1,85 mill. kroner. Det er basert på ei samanlikning med billettinntektene frå året før.

Gloppen kommune har i tillegg betalt 1,55 mill. kroner for å leige badeanlegget i skulesamanheng. På toppen kjem 161.642 kroner i tapte kioskinntekter og 146.865 kroner i manglande sal av årskort.

Til saman vert det eit erstatningskrav på 3,71 mill. kroner, men det er ikkje alt. For at grunnskuleelevane i Gloppen skulle få lovpålagd symjeundervisning, har barneskuleelevane frå Hyen skule, Nordstranda skule og Sandane skule vore bussa til og frå bassenget på Byrkjelo.

Les meir i papirutgåva fredag.