Gloppen formannskap krev eit budsjettframlegg i balanse utan bruk av disposisjonsfondet.

Kravde eit budsjettframlegg i balanse

Mot Samfunnsdemokratane si røyst krev Gloppen formannskap å få framlagt eit årsbudsjett for 2016 i balanse. Rådmannen må også presentere framskrivne rekneskapstal for inneverande år.

Andre november presentert rådmannen eit budsjettframlegg for kommunestyret. Der signaliserte han ønskje om betre tid på budsjettarbeidet og ei omlegging av rutinane. Onsdag starta budsjetthandsaminga i formannskapet.

Måtte ta av fond

Budsjettframlegget viser eit underskot på 3,8 mill. kroner. Sjølv om dette berre er halvparten av det økonomiplanen for 2016 legg opp til, burde det vore unngått, vedgjekk rådmannen. For å balansere budsjettet, gjekk han inn for å ta 3,8 mill. kroner frå disposisjonsfondet.

– Det er ikkje bra, men 2016 er eit ekstraordinært år, hevda rådmannen som med bakgrunn i kraftverdiane reknar med langt større inntekter seinare. Han vil arbeide meir med årsbudsjettet utover våren for å unngå bruk av disposisjonsfondet i revidert budsjett.

Magni Aa Berge slo straks fast at Senterpartiet ønskjer eit revidert budsjett i balanse utan bruk av disposisjonsfondet. Ho ville også som politikar at rådmannen prioriterte budsjettarbeidet.

Les meir om møtet i formannskapet i papirutgåva fredag.