Firdarussen håpar mange donerer pengar til årets Krafttak mot kreft, sjølv om dei ikkje får samle inn på den tradisjonelle måten i år.

Firda-elevar med digital innsamling til viktig sak

Firdarussen sin årlege innsamlingsaksjon, Krafttak mot kreft, er i år heildigital som følgje av smittesituasjonen i samband med koronapandemien.

Tidlegare år har russen banka på dørene til innbyggjarane i heile kommunen for å samle inn pengar til kreftsaka. I år er det, som så mykje anna, ein annleis aksjon.

Synleg digitalt

– Vi fekk ikkje lov til å gå dør til dør i år på grunn av koronasituasjonen, sjølv om vi ikkje har så mykje smitte her i forhold til mange andre plassar i landet. Difor har vi brukt sosiale medium så mykje som vi klarer. Vi har vore ute på Facebook, Instagram, hengt opp plakatar, og prøvd å gjere oss så synlege som mogleg, seier Marit Mardal, som er årets organisator for Firdarussen sitt Krafttak mot kreft.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjølve aksjonsdagen var sist tysdag, men det er framleis mogleg å donere pengar til russen si digitale bøsse på Kreftforeininga sine sider.

Mardal ser utfordringane med å få til det same engasjementet og vekke den same gjevargleda når dei ikkje får gå med bøssene rundt til folk, men er likevel lett håpefull.

– Vi skjøner at det er vanskeleg å få inn like mykje når vi ikkje kan vere tradisjonelle bøsseberarar, men vi håpar at vi kan vere med å bidra til å få inn ein god sum til kreftforskinga likevel, seier ho.

Smitteomsyn

Det var Kreftforeininga nasjonalt som tok avgjerda om å avlyse den fysiske innsamlinga. Opphavleg var planen å gjennomføre ein dør-til-dør-aksjon med strenge smittevernreglar. Dei 20.000 bøsseberarane skulle ikkje ta imot kontantar, men formidle vippsnummer og andre betalingsmåtar.

– Smittsame mutasjonar og skjult smitte gjer situasjonen meir uoversiktleg enn kva vi hadde sett føre oss. Vi ønskjer ikkje å ta nokon sjansar i dagens koronasituasjon, og kjem difor ikkje til å sende ut våre frivillige frå dør til dør for å samle inn pengar til kreftsaka, seier distriktssjef i Kreftforeininga, Geir Vangsnes, i ei pressemelding.

Låg overleving

Pengane som blir samla inn under aksjonen i år skal gå til forsking på kreftformer med låg overleving.

– Nokre kreftformer er det svært få som overlever. Det ønskjer vi å endre på. Føremålet er ekstra viktig no som verdas helsesituasjon i stor grad er prega av koronapandemien. Kreft tar aldri pause, heller ikkje under ein pandemi. Difor håpar eg alle vil vippse ei gåve til livsviktig kreftforsking, seier distriktssjefen.

Krafttak mot kreft

• Kreftforeininga sin årlege, nasjonale innsamlingsaksjon

• Blir gjennomført 6.-14. mars

• I årets aksjon går pengane til forsking for at fleire skal overleve kreftformene som få overlever, samt at dei som blir råka skal få gode tilbod og oppfølging

Artikkelen held fram under annonsen.

Årets Krafttak mot kreft er heildigital, og ein kan donere pengar til Kreftforeininga si digitale bøsse via deira nettsider. Foto: Jorunn Valle Nilsen.

Lungekreft

• Råka 3320 personar i Noreg i 2019

• 20 prosent av dei som døydde av kreft i 2017 døydde av lungekreft

Bukspyttkjertelkreft

• Råka 884 personar i Noreg i 2019

• Tok 800 liv i Noreg i 2018

Hjernekreft (Glioblastom)

• Råkar 200-250 personar i Noreg

• Femårsoverleving er under 5 prosent

Spiserørskreft

• Råka 313 personar i Noreg i 2019

• Tok 242 liv i Noreg i 2018