Salet av hytter og fritidsbustader i fritt sal auka med 40 prosent i 2. kvartal, samanlikna med same kvartal i fjor. Foto: Geir Olsen/NTB/NPK.

Kraftig vekst i hyttemarknaden

Salet av hytter og fritidsbustader i fritt sal auka med 40 prosent i 2. kvartal, samanlikna med same kvartal i fjor. Salet av bustader auka med 15 prosent.

Ifølgje tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB) vart det omsett 4.500 hytter og fritidsbustader i fritt sal i 2. kvartal. Samanlikna med same kvartal i 2020 var auken i alle fylke minst 30 prosent. Den største prosentvise veksten hadde Rogaland, med ein auke på 67 prosent.

Flest hytter skifta eigar i Viken og Oslo og i Innlandet, der tala er høvesvis 1.000 og 830. Ifølgje SSB hadde Vestfold og Telemark den høgaste gjennomsnittsprisen per omsetning, med 3,3 millionar kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Når det gjeld bustader vart det selt 34.700 sjølveigarbustader og burettslagsbustader i fritt sal i 2. kvartal. Salet av sjølveigarbustader auka i alle fylke med unntak av Vestfold og Telemark.

Flest bustader vart selde i Viken, i alt 6.700 sjølveigarbustader og 1.600 burettsleilegheiter. Det er i Oslo vi finn dei høgaste prisane – her måtte kjøparane i snitt ut med 7,4 millionar kroner for ein sjølveigarbustad og 4,6 millionar kroner for ein burettslagsbustad.

(©NPK)