Fredagstacoen kan bli langt dyrare for den jamne forbrukaren framover. Foto: Gorm Kallestad/NTB/NPK.

Kraftig prisauke på kjøtt og egg frå 1. juli

Kjøtt og egg har allereie vorte langt dyrare det siste året, og frå 1. juli blir den gjennomsnittlege engrosprisen sett opp med fire kroner kiloen.

Det har konsernstyret i Nortura avgjort, skriv Nationen.

Det er nemleg kjøttgiganten som har ansvaret for å styre prisutviklinga på kjøtt og egg. Fire kroner utgjer 5,65 prosent, og kjem på toppen av ein ekstraordinær prisauke i vinter og den ordinære justeringa eit halvår tidlegare.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed har prisen på fleire typar kjøtt auka med mellom 13 og 17 prosent på eitt år. For svin er prisauken 16,9 prosent, for storfekjøtt 12,8.

For egg blir det ein prisauke frå 1. juli på 80 øre kiloen.

(©NPK)