Det har vore ein auke i daglegvarebutikkar som vil vere med i ordninga To Good To Go. Illustrasjonsfoto: Terje Pedersen/NTB/NPK.

Kraftig auke i tilbodet på overskotsmat

No er det 1.500 matbutikkar som satsar på sal av overskotsmat via appen To Good To Go – mot rundt 500 på same tid i fjor.

– Kjeder som Coop, Bunnpris og Kjøpmannshuset/Joker, i tillegg til ein del aktørar innan matindustrien bruker no appen vår. Veksten her er 300 prosent på eitt år, seier dagleg leiar i Too Good To Go, Ann-Kristin Raknes Pfründer til avisa Nationen.

I forundringsposane frå daglegvarebutikkar som blir selde via appen, hamnar det blant anna mat med avgrensa haldbarheit, som mat frå varmmatdisken, meieriprodukt, pålegg, fisk og kjøt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det hender også at ein får frukt og grønsaker som må etast raskt, frysast eller brukast i smoothie, eller som ikkje ser heilt perfekt ut lenger. Brød, bakevarer og påsmurde bagettar er andre døme, seier Raknes Pfründer.

Too Good Too Go blei starta i 2015 i Danmark, der hovudkontoret ligg, og er i dag blitt eit selskap som kjempar mot matsvinn i 17 land.

(©NPK)