Statens vegvesen held kontroll: Statens vegvesen heldt storkontroll i Nordfjord, her ved kontrollstasjonen i Lefdal.

Køyrde med uleseleg skilt

Statens vegvesen gjennomførte trafikkontroll på Kjøs måndag kveld.

89 køyretøy var innom kontrollplassen for ein visuell kontroll og funne ok, eller at køyretøyet nyleg er kontrollert. Av desse vart 21 køyretøy plukka ut til ein meir omfattande kontroll, der dette er resultatet:

– To førarar fekk åtvaring for brot på køyre- og kviletidsregelverket.

Artikkelen held fram under annonsen.

– To førarar måtte sikre lasta betre før vidare køyring.

– Ein førar måtte rydde siktsona før vidare køyring.

– Ein internasjonal transport hadde manglar ved transportdokumenta. Dette måtte rettast før før vidare køyring.

– Det vart skrive ut to mangellappar. Ein for luftlekkasje og ein for uleselig skilt.