Siste frå politiloggen. (Illustrasjonsfoto)

Køyrde i 128 km/t gjennom Norevikane

Ein sjåfør mista førarkortet på staden etter å ha passert ein fartskontroll i 128 km/t i 80-sona på E39 gjennom Norevikane i Høyanger.

Og han var ikkje den einaste som trykte for hardt på gassen gjennom Norevikane fredag ettermiddag. Heile 12 førarar fekk forenkla førelegg for å halde høg fart gjennom Norevikane, den den som køyrde fortast av desse heldt 105 km/t.

I Stryn fekk fire førarar forenkla førelegg i ein fartskontroll på rv15 ved Faleide. Høgste fart her var 114 km/t i 80-sona.

I Førde vart ein mann i 60 åra tatt med til blodprøvetaking mistenkt for køyring i alkoholrus. Førarkortet vart kverrsett.

Fem bilførarar vart stoppa i ein ruskontroll på E39 gjennom Førde. Ingen utslag.

To personar vart frakta til sjukehus med lettare skader etter ei utforkøyring på fv52 mellom Borlaug og Breistølen fredag ettermiddag.

På Bykjerlo og på Kaupanger vart det meldt om påkøyrde hjortar fredag kveld. Viltnemndene er rutinemessig varsla.