Koronavaksineringa i Noreg går føre seg berre på tysdagar, onsdagar og torsdagar. Årsaka er logistikken, vaksinetypane og for få dosar, seier områdedirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI). Foto: Stian Lysberg Solum/NTB/NPK.

Koronavaksinane i Noreg blir berre sette tre av sju vekedagar

Vaksinasjon for koronaviruset i Noreg skjer i all hovudsak tysdagar, onsdagar og torsdagar, viser statistikk frå FHI. Det har ei heilt naturleg forklaring.

At det berre blir vaksinert på tre av vekedagane har med både type vaksine og talet på vaksinedosar å gjere, melder NRK.

Vaksineleveransane kjem på måndagane. Deretter blir vaksinane sorterte og fordelt før dei blir køyrde ut til dei ulike kommunane tysdagar. Då byrjar ein umiddelbart å vaksinere for at vaksinane ikkje skal bli øydelagde sidan det er avgrensa varigheit på desse.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er førebels så få vaksinar Noreg får tilsendt at alle dei fordelte dosane vil vere sette i løpet av tre dagar i dei fleste kommunane. Det er ikkje kapasiteten til å vaksinere som avgrensar kor raskt det går, men talet på dosar vi får, seier smitteverndirektør Geir Bukholm i Folkehelseinstituttet (FHI).

Dei vaksinane som blir brukte i Noreg i dag, frå Pfizer og Biontec, har alle avgrensa haldbarheit og må oppbevarast svært kaldt. Også vaksinen frå AstraZeneca har avgrensa haldbarheit, medan vaksinen frå Moderna kan liggje i kjøleskap i 30 dagar og toler romtemperatur i fleire timar.

– Når vi etter kvart får fleire dosar og vaksinar, vil vi sjå ei jamnare kurve, seier Bukholm.

(©NPK)