Per Svein Reed.

Kommunereforma - edru etter folkemøte

Lesarinnlegg av Per Svein Reed.

Eg var på møte om kommunereforma på Gloppen Hotell for eit par veker sidan. Det var eit interessant møte under dyktig leiing av Arve Sandal, og med den alltid inspirerande Arvid Andenes som innleiar.

Det var eit betydeleg fleirtal av dei frammøtte som var heilfrelste ja-folk. Sjølv eg, som nei-mann var for ei kort stund påvirka av begeistringas rus. Men også den typen rus går over, og eg er forlengst, heldigvis, edru igjen. Eg ser mange logiske bristar i argumenta som kom fram.

Delt kommuneadministrasjon mellom Eid og Sandane vart framheva som heilt problemfritt med dagens moderne IT-teknologi.

Det er ikkje lenge sidan det var tilsette i administrasjonen i Gloppen kommune som hadde kontorplass på sjukeheimen, nokre få hundre meter frå Heradshuset. Dei vart flytta til Heradshuset. Eitt av argumenta var at det var så tungvint å sitje adskilt frå resten av administrasjonen.

No kjempar Sogn og Fjordane ein kamp for å behalde ein velfungerande alarmsentral i Florø. Det er mest truleg ein tapt kamp. Den vert flytta til Bergen saman med Politiet. Argument: Dei må vere samlokaliserte for å få eit solid og robust fagleg miljø.

Det er ikkje lenge sidan Førde Kommune flytta inn i eit gedigent nytt rådhus. Argumentet for å ta dei store kostnadane var at dei på denne måten ville få alle etatane samla, noko som igjen ville gje meir rasjonell drift, sparte kostnadar, og eit stort fagleg miljø.

Og no prøver forkjemparane for samanslåing å få oss til å tru at det vil fungere med delt kommuneadministrasjon mellom Sandane og Eid. Intensjonsavtala som er skrevet er etter mitt syn lite verdt når realitetane og kvardagen kjem. Kven som vert sitjande med "svarteper" av dei to sentera kan nokon og kvar tenkje seg. Eid tek mål av seg til å verte regionsenter for Nordfjord, og kvar vil det då vere naturleg at ein samla kommuneadministrasjon vert lokalisert?

Firda og Eid vidaregåande skular var tema på møtet, og det vart tala varmt for kommunesamanslåing for å sikre begge skulane. Som kjent er det Fylkestinget og ikkje kommunane som bestemmer strukturen på dei vidaregåande skulane. Og i denne samanhengen er alle fylkestingsrepresentantane lokalpolitikarar som kjempar for sin eigen skule. Det var eit dolkestøyt mot Firda vgs når Fylkestinget vedtok å legge ned både medie og kommunikasjon og helselinja på Firda. Alfred Bjørlo var ein av dei som var med på dette dolkestøytet mot Firda. Og dei som vil kan spørje han om kva han stemte når ei påbyggingsklasse vart teke frå Firda og oppretta på Eid vgs.
Mitt inntrykk er at både Firda og Eid vgs er verkeleg framtidsretta når det gjeld å vidareutvikle skulane. Men dette er først og fremst takka vere fantastisk dyktige tilsette som m.a. rektor Hallgeir Hansen, og ikkje styrt av kommunestrukturen.

Kommunereforma skulle vere fanesaka for Høgre FRP og sentraliseringspartneren Venstre. Det har i dei fleste tilfelle vorte stempla som eit misslukka prosjekt, konstruert av den blå-blå regjeringa og tredd ned over folket, utan klar definering av mål og gevinst. Det har ikkje fungert, noko som resultata av folkerøystingane så tydeleg viser. Til tross for både gulrot og trugsmål om økonomiske sanksjonar har det stort sett vore NEI-fleirtal i kommunane som har hatt folkerøysting. Når kommunar som Volda og Ørsta som er meir eller mindre fletta saman geografisk seier nei, kvifor skal vi i Gloppen og Eid seie Ja, når vi ikkje ein gong har vegforbindelse mellom kommunane utan å køyre via to andre kommunar?

Vi har to velfungerande kommunar i Gloppen og Eid som har samarbeidd godt. Det er ein tankevekkar når rådmann på Eid uttalar at "Å satse på tettare samarbeid er ingen veg å gå" , noko som også har vore signalisert frå ordførar Alfred Bjørlo. Vitnar dette om eit trugsmål, og ei frykt for at det ikkje vert fleirtal for ja ?

Erfaringane frå Danmark som gjennomførte same prosessane viser seg i mange tilfelle å ha vore svært negativ. Byråkratiet har vakse, folk sitt engasjement i kommunale avgjerder har vorte svekka, og det har medført ei massiv sentralisering mot dei plassane som har fått kommuneadministrasjonane. Det har resultert i fråflytting frå utkantane. Skular, helseinstitusjonar og butikkar i utkantane har vorte nedlagt. Er det slik vi vil ha det her i landet ? Eg trur svaret er nei. Og for meg vert det eit soleklart nei til å akseptere Høgre og Venstre sitt korstog for meir sentralisering av landet vårt slik kommunereforma legg opp til.