Kommuneoverlege kritisk til undersøking om helsepersonell

Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord er kritisk til at helsedirektøren brukte mangel på personell i kommunehelsetenesta som argument for koronatiltak.

– Det blir ei utfordring når ein seier at ein treng vidare tiltak for å verne kommunehelsetenesta, når det er tiltaka som faktisk er belastande, seier Furnes til VG.

Helsedirektoratet ved direktør Bjørn Guldvog brukte ei undersøking om tilgang på helsepersonell i kommunane som argument for å ha tilstrekkelege nasjonale tiltak.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det synest Furnes er overraskande. Sunnfjord kommune rapporterte at situasjonen var god, men Furnes peikar på at mange kommunar over tid har hatt utfordringar med å skaffe nok folk, og at fastlegeordninga er under stort press.

– Men det har ikkje noko med pandemien å gjere, seier Furnes, som meiner at undersøkinga ikkje gir grunnlag for å seie at det er nødvendig med tiltak.

VG har spurt assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad om han meiner undersøkinga gir eit godt nok bilete av belastninga i kommunehelsetenesta, som følgje av pandemien.

– Den vekefaste rapporteringa frå kommunane via statsforvaltarane inngår som eit viktig grunnlag for Helsedirektoratets situasjonsforståing, men ho blir supplert og blir alltid korrigert av anna rapportering, møteverksemd og datainnsamling, seier Nakstad.

(©NPK)