Mange yngre kjem langt fram i vaksinekøen på grunn av medfødte sjukdommar. Foto: Ole Berg-Rusten/NTB/NPK.

Kommunar får daglege førespurnader om mogleg sniking i vaksinekøen

Fleire kommunar får stadig vekk spørsmål frå innbyggjarar om kvifor naboar eller kjende, særleg unge, får koronavaksine før dei.

Alle som lurer på kvifor andre har fått vaksine før dei sjølv, får det same svaret: Det kan vere at naboen din eller han du kjenner har ein underliggjande sjukdom du ikkje veit om, skriv NRK.

Vaksinekoordinator Heidi Kristin Ringstad i Lier kommune seier dei får spørsmål om dette kvar dag. Kommuneoverlege Ingrid Bjerring påpeikar at det ikkje er alle tilstandar ein er open med andre om.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjer det ekstra vanskeleg for oss unge. Vi må forsvare at vi er sjuke. Dei fleste unge vil jo ikkje reklamere for at dei er sjuke og har ei utfordring, seier Angelica Bråten, som er leiar i barne- og ungdomsgruppa til Landsforeningen for nyrepasientar og transplanterte.

(©NPK)