Steffen Fjellestad på talarstolen under årsmøtet i 4H Sogn og Fjordane i februar 2017.

Klart for plakettfest i 4H

I 2017 er det over 100 ungdommar som har oppnådd 4H-plaketten i Sogn og Fjordane, det høgste talet dei seinare åra. Søndag 19. november er det klart for fest og høgtideleg overrekking.

Plaketten er den høgaste utmerkinga ein 4H-medlem kan få, og er saman med vitnemålet synlege bevis på ei aktiv og engasjert ungdomstid.

Viktig kompetanse
– Eg synest det er kjempeflott at så mange fullfører 4H-løpet! smiler Eirik H. Vikøren leiar i 4H Sogn og Fjordane.

For å oppnå 4H-plaketten må ein ha gjennomført og fått godkjent sju årlege prosjekt, samt ha delteke aktivt i klubbarbeidet.

– Ungdommar som har oppnådd 4H-plaketten er veldig engasjerte og dyktige. I 4H er det mellom anna fokus på organisasjonsopplæring og det å få erfare demokrati i praksis - og dette er kompetanse som er viktig vidare i livet, både når det gjeld studie og arbeid. Sjølv om ein har motteke plaketten så stoppar ikkje 4H-livet nødvendigvis der. Ein kan vere med vidare som alumn, og då kan ein mellom anna vere med på å skape aktivitet for dei unge i 4H, fortel Vikøren.

Sjølve utdelinga under plakettfesten blir gjort av fylkestingsrepresentant Aleksander Øren Heen, saman med ein representant for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.
Lærerikt og sosialt i 4H

Steffen Fjellestad (18) i Hauk 4H frå Fjellbygda på Sandane er ein av dei spente plakettmottakarane, og han gler seg:
– Eg er stolt over å motta vitnemål og plakett i 4H!

«Å lære ved å gjere» er mottoet til 4H. Her kan ein arbeide med prosjekt innan ulike tema, erfare styrearbeid og delta på kurs og leirar og mykje meir.

– Eg er sikker på at det er gjennom 4H at eg har blitt så engasjert og fått den kunnskapen eg no har om organisering, leiing og aktiv deltaking. Allereie no brukar eg dette i skulesamanheng, og eg er sikker på at eg vil dra god nytte av dette også i arbeidskarrieren, fortel Fjellestad.

18-åringen er engasjert i ulike oppgåver i 4H, og er i dag mellom anna medlem av fylkesstyret. Han ser tilbake på kjekke år i 4H.

– Åra i 4H har vore rett og slett heilt supre! Både veldig lærerikt og sosialt. Eg trur det kjekkaste av alt har vore å delta på dei større arrangementa, som Superhelg og leir. Dette har vore kjekke helger og veker med mange nye folk å bli kjend med, både frå fylket og elles i landet. Veldig kjekke vennskap å ha med vidare! smiler han.