Kjøtsmugling og høg fart

Utrykningspolitiet stansa i natt ein bil på E16 i Lærdal. Tre menn er sette i arresten, sikta for oppbevaring av narkotika og smugling av kjøt.

Her er eit utdrag frå politiloggen:

Selje, Fv 620 ved Otneim. Påkøyrd hjort. Viltnemnda blei varsla.

Stryn, Fv 15, Langeset. Ein bilførar fekk førarkortet kverrsett etter å ha køyrd i 116 km/t i 80-sone.

Førde. Ein rusa mann i 40-åra vart vist vekk frå ein uteplass i sentrum. Han hadde vore truande overfor vaktene på staden.

Flora, Florø sentrum. Politiet avslutta ein privatfest etter melding om høg musikk.

Flora, Eikefjord. Ein mann i 50-åra blei teken med til blodprøvetaking etter mistanke om traktorkøyring i rusa tilstand.