Fjordane tingrett.

Kjøpte og brukte narkotika

Ein sunnfjording i 50-åra er i Fjordane tingrett dømd for å ha kjøpt og brukt hasj og amfetamin.

23. september 2016 kjøpte den tiltala mannen eitt gram amfetamin. 13. desember same år oppbevarte han kring 21 gram hasj i bustaden sin. I kort tid før 22. september brukte han ca. 0,2 gram hasj, 0,1 gram amfetamin og hadde hand om tre xanortablettar.

I tingretten tilstod tiltala utan atterhald. Dette legg retten vekt på i formildande retning. I skjerpande retning blir det lagt vekt på at sikta tidlegare er straffa for narkotikalovbrot.

– Oppbevaring av 21 gram hasj skjer berre knappe tre månader etter at det har vore ransaking heime hos sikta. Den sikta viser såleis manglande evne og vilje til å avstå frå narkotikakriminalitet, skriv retten i dommen.

Det vert vidare vist til at siste dom frå Fjordane tingrett er frå 22. juni 2015. Sikta vart då dømd for narkotikalovbrot til fengsel i 24 dagar på vilkår med ei prøvetid på to år.

Retten støttar aktor i at det skal avseiast ein samla dom for forholda, og slår fast at fengsel i 60 dagar med ei prøvetid på to år, samt 5.000 kroner i bot, subsidiært fengsel i ti dagar, er ei høveleg straff.