Samferdselsminister Knut Arild Hareide. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Kjøp av minimumstilbod av flyruter blir forlengd ut juni

På same måte som det har vorte gjort dei siste månadene, forlengjer Samferdselsdepartementet avtalane om å halde oppe eit minimumstilbod på enkelte flyruter.

Rutene det gjeld, vart drivne på kommersielle vilkår før koronapandemien byrja, men blir no drivne på rekninga til staten for å sikre at samfunnskritiske reiser kunne gjennomførast trass låg etterspurnad.

– Ved å forlengje minstetilbudskontraktene for juni sørgjer vi for å halde oppe eit tilstrekkeleg flytilbod for dei reisande på desse rutene fram mot sommaren, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei same rutene som var ein del av kontraktsforlenginga i mai månad, inngår i forlenginga for juni. Strekningane det dreier seg om er Oslo-Florø, Oslo-Ørsta/Volda, Stokmarknes-Bodø, Stokmarknes-Tromsø, Tromsø-Vadsø, Tromsø-Hammerfest, Tromsø-Alta, Tromsø-Kirkenes og Stord-Oslo.

Alle strekningar skal betenast med minst to daglege rundturar seks dagar i veka, Stokmarknes-Bodø med tre.

(©NPK)