Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik gir si støtte til at Kinn får halde fram som Kinn. Foto: Stian Lysberg Solum/NTB.

Kinn får grønt lys til å halde fram med å vere storkommune

Kommunalminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) gir si støtte til at tidlegare Flora og Vågsøy blir verande i den samanslåtte storkommunen Kinn.

Saka har vore omstridd og spesielt innbyggjarar i Vågsøy har ønskt splitting av kommunen. Gjelsvik viser likevel til at folket gjennom folkeavstemming og kommunestyret har gitt sitt råd om å behalde storkommunen Kinn.

– Derfor avsluttar regjeringa no prosessen som kommunen sjølv tok initiativ til, seier Gjelsvik til NRK.

(©NPK)