Gulsporvhannen er eit vakkert syn, med si fargesterke fjørdrakt dominert av gule og raudbrune tonar. Arten kan også lett kjennast igjen på den karakteristiske songen sin. Foto: Jan Erik Røer/Norsk Ornitologisk Forening.

Kikk litt ekstra etter gulsporven i år

Gulsporv er av Norsk Ornitologisk Forening plukka ut som Årets fugl 2021. Grunnen er at arten dessverre er i tilbakegang.

Som hekkefugl er gulsporven utbreidd over det meste av landet, og i alle fylke, fortel NOF på nettsidene sine.

At gulsporven likar så godt korn er nok ein viktig faktor for utbreiing og førekomst. Dessutan finst han ofte i tilknyting til dyrehald, og då særleg hest, som også likar havre veldig godt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men bestanden er i klar nedgang i Noreg. Arten er derfor kommen på den norske raudlista i kategorien «nær trua» (NT). Også i nabolanda våre, inkludert Finland, Sverige, Danmark og Storbritannia, er gulsporven raudlista.

Med valet av gulsporv som Årets fugl ønskjer NOF at du kikkar ekstra godt etter han i 2021. Gulsporv er ein art som dei fleste enkelt kan få sjå, noko du kan begynne med allereie i januar under NOFs tradisjonsrike hagefuglteljing. Vidare vil det også bli høve til å bidra i ei nasjonal kartlegging.

NOF oppfordrar alle til å ta ein runde i nærområdet sitt for å registrere syngjande hannar i mars-mai. Resultata vil bidra til å kunne skaffe eit betre og oppdatert bestandsestimat for arten, basert på tettleiksestimat i utvalde regionar og i ulike leveområde.

Kartlegging av hekkeplassar og kva naturlege omgivnader desse finst i, vil gi fokus på habitatpreferansar, som er viktig for å belyse kva som skal til for å ta vare på arten.

(©NPK)