Det er lenge sidan det var vanleg å spele musikk frå kassettar, men no er dei visstnok i ferd med å få ein renessanse. Arkivfoto: Erik Thorberg NTB/NPK.

Kassetten har fått sin renessanse

Viss du trudde kassetten døydde ut då CD-en kom for 30 år sidan, tar du feil. Kassettane er på full fart tilbake i Europa.

Kassett-trenden er aller størst utanfor Noregs grenser. Sjølv om det framleis er strøymetenestene som dominerer, vart det i Storbritannia i fjor seld 160.000 kassettar. Det er ei dobling frå året før, og er også det høgste salstalet på 20 år, skriv NRK.

Lady Gaga, Billie Eilish, Dua Lipa og Taylor Swift er blant dei store stjernene som no gir ut musikken sin på kassett – og som også sel mest.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Igjen er det viktig for artistar å vise at dei klarer å ha ein liten finger med i marknaden og sjå på kva fansen vil ha, seier journalist og sjølverklært musikknerd, Guttorm Andreasen, til NRK.

Han trur grunnen til at kassetten har fått sin renessanse er fordi folk, og gjerne unge folk vil ha noko fysisk å halde i, noko å vise til vennene sine eller henge opp på veggen, og at det er billigare å kjøpe enn vinyl.

Musikar, komponist og produsent Kristoffer Eikrem trur dei store artistane har innsett at dei kan nå ut til eit større eller annleis publikum som er meir musikkinteressert enn den gjennomsnittlege lyttaren.

– I tillegg er kassett analogt, og det fargelegg musikken på ein annan måte, så det er ganske morosamt, seier Eikrem, som sjølv gir ut musikk på kassett.

Både Eikrem og Andreassen meiner kassetten er kommen for å bli, spesielt no når dei store stjernene har kasta seg på trenden, skriv NRK.

(©NPK)