Lokalmat-utsal. Illustrasjonsfoto: Kari Hamre/NPK.

Kari og Ola Nordmann får høve til å finansiere lokalmatprosjekt

Folkefinansiering, eller crowdfunding, breier om seg her i landet. No har organisasjonen Norges Vel lansert ein eigen portal for folkefinansiering av lokal mat, tradisjonshandverk og lokale opplevingar. Portalen har fått namnet Drivkraft.no.

– Vi ønskjer å kople gründerane og igangsetjarane der ute saman med dei stadig fleire som får opp auga for det lokale og berekraftige. Vi jobbar med mange av desse til dagleg, og veit at det ofte er den siste delen av finansiering som stikk kjeppane i hjula for eit nytt og spennande produkt, seier leiar i Norges Vel, Øyvind Ørbeck Sørheim, på organisasjonen sine nettsider.

På portalen Drivkraft.no kan til dømes lokalmatprodusentar og dei som driv med opplevingsbasert reiseliv rundt om i landet leggje ut prosjekt som dei treng pengar til å gjennomføre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil at Drivkraft skal bli ein arena der produsentar og aktørar kan lage sine eigne kampanjar og søke finansiering til prosjekta sine. Det kan vere alt frå produktutvikling til eit initiativ, kva enn dei treng hjelp til, seier Øyvind Ørbeck Sørheim, til Nationen.

Kommunikasjonssjef i Norges Vel, Leif-Arne Kristiansen, trur det er stor vilje til å finansiere prosjekt i lokalsamfunnet.

– Det er ikkje alltid snakk om dei store beløpa som må til. Neste prosjekt som skal ut på Drivkraft er ein lokal marknadshage, og slik nære og lokale prosjekt som manglar nokre titals tusen for å bli gjennomført, ser vi det er stor vilje til å hjelpe og støtte i lokalmiljøa, seier han til avisa.

Plattforma Drivkraft er eit samarbeid med Bidra.no, som er den største folkefinansieringsplattforma i Norge. Kristiansen seier det er fleire som har etterspurt ein slik plattform for lokalmat og andre lokale tilbod.

– Ganske mange har tatt kontakt før, og vi opplever at det er etterspurt. No prøver vi å samle Lokalmat-Norge på folkefinansieringsbiten, seier han.

(©NPK)