Paul Nygård tykkjer det er svært kjekt å få stiftinga Matmerk si anerkjenning for spekepølse av geit. Det skjedde under Bergen Matfestival laurdag (arkivbilete frå Matamål)

Kandal Kjøtt har eit produkt i særklasse

Kandal Kjøtt har eit produkt i særklasse. Under Bergen Matfestival fekk verksemda tildelt merket "Spesialitet" for spekepølse av geit.

-Det var veldig kjekt, seier dagleg leiar Paul Nygård. Torsdag reiste dei frå Kandal med bilen full av ulike produkt, men med ein ting felles: Alt er produsert av geitekjøt.

Spesialitet

-Vi fekk utmerkinga for ei spekepølse av geit. Dette er ein av grunnasteinane i produktspekteret vårt. Denne spekepølsa har vi nemleg hatt heilt sidan starten, fortel Paul Nygård på telefonen frå Bergen der han står i salsboda.

No kan Kandal Kjøtt smykke emballasjen på spekepølsa med merket "Spesialitet for unik smak". Kåringa er gjort i regi av stiftinga  Matmerk som arbeider for å få folk til å velje norsk mat. Stiftinga fokuserer særleg på tre område: Få forbrukarane til å velje norsk mat, utvikle og profesjonalisere lokalmatprodusentane og marknadsføre merkeordningar. Målet til Matmerk er m.a. auka mangfald, kvalitet og verdiskaping i norsk matproduksjon.

Anerkjenning

-Vi fekk vite om det då vi var på veg til Bergen, seier Paul. Utmerkinga vart overlevert av landbruks- og matminister Olaug Bollestad laurdag.

-Dette er ei anerkjenning og eit bevis på at vi har eit godt produkt, seier Paul Nygård og er overtydd om at det vil slå positivt ut i marknadsføringa til Kandal Kjøtt.

-Ikkje minst er det veldig bra at eit produkt av geit kjem fram i lyset på denne måten, seier han. Sidan Kandal Kjøtt vart etablert, har bedrifta sitt mål vore å vise at geitekjøt er ein ressurs som kan brukast til å lage førsteklases mat av.