Kan gå mot felles fylkeslag for Sp i Vestland

Sigurd Reksnes er avtroppande leiar i Sogn og Fjordane Senterparti.

Det kan gå mot eit felles fylkeslag for Senterpartiet i Vestland, i staden for eitt i Hordaland og eitt i Sogn og Fjordane.

Avtroppande fylkesleiar Sigurd Reksnes seier til Bergens Tidende at dei som kjem etter han må ta ein diskusjon på om organiseringa i dag er hensiktsmessig. Han har vore leiar i fylkeslaget til Sp i Sogn og Fjordane i seks år.

(©NPK)