Det kan bli streik blant tilsette på ei rekkje Ikea-varehus i Noreg. Foto: Lise Åserud/NTB/NPK.

Kan bli streik i varehandelen

Måndag møtest HK Noreg og NHO Service og Handel hos Riksmeklaren. Går det ikkje vegen, kan mellom anna Ikea og Oda bli ramma av streik frå onsdag.

– Det var god tone under forhandlingane, sjølv om det var stor avstand. No må arbeidsgivar komme oss i møte hos Riksmeklaren, seier forbundsleiar Christopher Beckham i ei pressemelding.

Fristen er natt til onsdag. Blant områda partane skal mekle om, er lagerreglar, arbeidstid, normalarbeidsdag og garantilønn. Partane braut forhandlingane i mai.

Artikkelen held fram under annonsen.

Blant verksemdene der arbeidstakarar kan bli tekne ut i streik frå onsdag, finn ein butikkar i kjeder som Clas Ohlson, Felleskjøpet, Ikea, Synsam og Tools, i tillegg til matleveringstenesta Oda. (©NPK)