GFIL har nominert Jørund Årdal til å bli årets eldsjel innan friidrett. No gjeld det å mobilisere lokalt.

Kan bli friidrettens eldsjel

Gloppen Friidrettslag har nominert Jørund Årdal til prisen som norsk friidretts eldsjel. – Han er ein person vi er veldig stolte av, seier leiar Nils Ove Roset.

Sidan Jørund Årdal kom til Gloppen i 1994 har han vore ein sentral figur i friidrettsmiljøet, både i IL Brodd og i GFIL. Også før han flytta til Gloppen var han engasjert.

– Kjekt å bli lagt merke til

– Jørund er ein kar vi er veldig stolte av. Han er interessert, tolmodig og svært flink, seier Nils Ove Roset og er svært glad for å han ein slik ressursperson i klubben. Derfor har GFIL spelt inn Jørund Årdal som ein av sju nominerte kandidatar.

– Det er sjølvsagt svært kjekt å bli lagt merke til, seier Jørund sjølv og vedgår at han gjennom åra har brukt mykje tid på å vere instruktør for unge utøvarar.

Les heile saka i papirutgåva måndag.