– Å vedta visjonære planar er null verdt, meinte Arnar Kvernevik (Ap).

– Kan bli eit stort nederlag

– Eg vil oppfatte det som eit stort nederlag viss Firda Billag-tomta ikkje kan nyttast slik Firda Billag og Coop Nordvest har planar om, sa Arnar Kvernevik (Ap).

Samarbeidet mellom dei to aktørane vil kunne løyse eit problem i Sandane sentrum, nemleg at ein kan flytte bussoppstillinga og vaskehallen ut av sentrumskjernen.

– Må stille krav

– Eg seier ikkje at vi ikkje skal stille krav til utbyggjarane. Vi ønskjer to etasjar på området mellom Grandane Senter og Sandane Senter, men vi må sjå på korleis vi kan få det til. Då må vi kanskje få inn fleire aktørar som kan vere med på å ta kostnaden for å leggje til rette for ein andre etasje i framtida. På Grandane måtte dei forsterke bygget i etterkant. Søylene kring bygget er med på å bere andre etasje, peika Kvernevik på.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han etterlyste ei praktisk tilnærming i saka, gjerne i kombinasjon med ein visjon.

– Viss ikkje Coop og Firda Billag vil utvikle denne tomta, kva gjer vi då? Det er ingen som står klar til å ta på seg det ansvaret som dei er villige til å ta på seg. Vi treng gode dialogar og gode prosessar, der vi har full respekt for grunneigar og dei som har planar for området. Har vi det, er det mogleg å få til noko som vi politikarar er nøgde med knytt til utforming og omsyn til fjordfronten, sa han.