Det ligg mykje i potten når GHK og Magnus André Moritsgård møter Eid på bortebane i morgon.

Kampen GHK må vinne

– Dette er ein kamp vi har veldig lyst til å vinne og som vi absolutt bør vinne, seier GHK-trenar Kjell Aske.

GHK-herrane ligg berre tre poeng over nedrykksstreken. Med tap mot Eid, tek blålysa til å blinke for vidare 3. divisjonseksistens.

Overtenning

– Eg fryktar denne kampen litt. Vi ligg omtrent likt på tabellen, så dette er eit viktig oppgjer for begge lag. Lysta til å vinne er veldig stor, men det blir viktig å treffe med inngangen til kampen. Det kan fort bli overtenning. Det er ikkje sikkert dét er det luraste, seier Kjell Aske med heimekampen mot Eid i serieopninga friskt i minnet.

Den gongen gjekk glopparane på eit svært bittert 23-24-tap etter å ha sløsa med sjansane.

– Vi må score på sjansane våre. Dessutan er det viktig at vi får sett forsvaret skikkeleg. Vi skal vere eit minst like godt lag som Eid. Eg har god tru på siger, men torer ikkje å utrope oss som favorittar, seier Aske.