Firda-elevane på musikk, dans og drama stod for ein imponerande prestasjon då dei framførde musikalen Cabaret. He er nokre sentrale aktørar: F.v. Erik Henden Aaraas (Clifford Bradshaw), Anita Lindstrøm Fylling (Fraulein Schneider), Ozan Drøsdal (Herr Schultz) og Maria Bratseth (Sally Bowles).

Kampen for grendeskulane i Gloppen – no også på ”Facebook”

Det blir rusta til kamp for grendeskulane i Gloppen. Siste utspelet i så måte er å ta den populære nettstaden ”Facebook” i bruk, og der er det no oppretta ei samarbeidande gruppe med føremål å hindre nedlegging av skular.
– Eg har vore inne på nettstaden av og til og sett at der vert oppretta grupper for alt muleg, både vettige og meir tøvete saker. Dette her må no vel vere eit vettig føremål, seier initiativtakaren, Daniel Dyrnes på Rygg.
– Opphavleg heitte denne gruppa "Vi som støttar Rygg skule". Etter eit "gøtt" tips, har eg utvida gruppa. Reed og Vereide er i same båt som oss på ”Sjedu”, og dei gjere seg opp mange av dei same tankane. Difor heiter gruppa no "Nei til nedlegging av skular”, opplyser Dyrnes.

Les meir om Daniel Dyrnes og facebook-gruppa i papiravisa fredag.

Daniel Dyrnes (26) frå Rygg kjempar mot nedlegging av grendeskular og har oppretta gruppa ”Nei til nedlegging av skular i Gloppen” på ”Facebook”