Illustrasjonsfoto. Foto: Vidar Ruud/NTB/NPK.

Kamp om dei beste båtplassane

Det er stor kamp om dei beste båtplassane i skjergarden i fellesferien, og mange vel å bli verande i vekevis. – Brot på friluftslova, seier oppsynsmann.

Dei fleste har respekt for at ein må flytte litt på seg, men det er nokre som blir liggjande nesten permanent gjennom sommaren. Det er eit brot på friluftslova, seier oppsynsmann Eigil Movik til NRK.

– Friluftslova gir folk moglegheit til å leggje til ved eit område i to døgn, men ikkje meir enn det, seier Movik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det skapar frustrasjon for andre båteigarar som òg gjerne kunne tenkt seg å leggje til.

I første omgang meiner Movik det er effektivt å informerer båteigarar om at det er avgrensa kor lenge ein kan bli liggjande. Han opplyser òg om at det kan bli brukt sterkare verkemiddel, som å melde frå til politiet, om folk bryt reglane.

– Bruk sommaren og dei flotte områda, men følg friluftslova, seier han.