June på Månadens lag

Glopparen June Andenæs er mellom dei utvalde på Månadens lag i Eliteserien for kvinner i februar.

Larvik-spelaren vart månadens linjespelar. Laget vert teke ut basert på tilbakemeldingar frå trenarar, statistikk, og fagjuryar i hallane.

Med seg på laget har ho Eli Raasok, målvakt frå Oppsal, Sunniva Andersen, venstre kantspelar frå Vipers Kristiansand, Jeanett Kristiansen, venstre bakspelar frå Vipers, Madeleine Hilby, midtre bakspelar frå Tertnes, Mona Obaidli, høgre bakspelar frå Molde, og høgre kant Malin Aune frå Vipers.