Både butikkane på Sandane og Sandane skulekorps gledar seg til julegateopninga laurdag ettermiddag. F.v. Reidun Elvebakk, Emilie Evebø, Mathias Lothe og Bjørn Inge Solheim.

Julegateopning i regi av Sandane skulekorps

Laurdag ettermiddag opnar julegatene på Sandane. Butikkane i kommunesenteret står som arrangørar, og denne gongen har dei leigd inn Sandane skulekorps til å ta seg av programmet.

Program på Heradsplassen

– Det blir som vanleg tenning av lysa i lenkene og det store juletreet på Heradsplassen. Det blir gange rundt juletreet, og skulekorpset kjem til å ha eigen stand med sal av mellom anna sveler og gløgg, fortel Bjørn Inge Solheim.

Korpset har sendt ut invitasjon til lokalmatprodusentar om å ha stand.

– Vi ønskjer å lage ei slags julemesse, men vi veit enno ikkje kom mange salsbuer det blir, seier han.

På Heradsplassen blir det òg underhaldning. Ei dansegruppe frå Gloppen kulturskule skal opptre, det same skal drilljentene til skulekorpset.

Les meir om julegateopninga i papirutgåva onsdag.