Alle elevane i 10. klasse er med å arrangere juløeballet. Her vert avslutningssongen framført.

Juleball med glitter og stas

– Juleballet er eit høgdepunkt, spesielt for oss i 10. klasse, seier Malene Myklebust Hauge og Sara Thingnes Kandal i tiande klasse ved Gloppen ungdomsskule.

Juleballet er festen då fleire skjulte talent kjem fram i dagen. Det er ein fest med lange tradisjonar på Gloppen ungdomsskule der tiandeklasse er arrangør. Fredag var det juleball, og alle stilte i sin finaste stas.
Foreldra serverte maten, og lærarane var spesielt inviterte.

– Juleballet er eit høgdepunkt, særleg for oss i 10. klasse som veit det er siste juleballet på GU vi er med på etter å ha vore publikum tidlegare, seier Malene Myklebust hauge og Sara Thingnes Kandal.



Les meir i papirutgåva og sjå mange bilete frå juleballet i måndagsavisa.

Eit fast innslag er lærarsketsjen.