Jordskjelv i Nordsjøen – kunne kjennast i heile Vestland

Anda og Gloppefjorden.

Måndag morgon klokka 6.32 vart det registrert eit jordskjelv mellom Stad og Færøyane i Nordsjøen.

Ifølgje Norsk Nasjonalt Seismisk Nettverk vart jordskjelvet målt til 4.4 på magnitude-skalaen. Operasjonsleiar Eirik Loftnesnes i Vest politidistrikt seier til NTB at dei har fått to førespurnader så langt.

– Dei kjem frå Øygarden og Tysse, så det er snakk om store avstandar her. Folk seier dei blir vekte av at det ristar i huset og klirrar i glasa.

Artikkelen held fram under annonsen.

NRK skriv at jordskjelvet kunne kjennast i heile Vestland fylke. Operasjonsleiaren seier til NTB at dei førebels ikkje har fått meldingar om personskade eller materielle skadar.

– Skjelvet kunne kjennast på heile Vestlandet, langt inn i fjorden. Folk har kjent det godt, også i Stavanger, seier senioringeniør ved jordskjelvstasjonen ved Universitetet i Bergen, Berit Marie Storheim, til VG.

Ifølgje Storheim er normalt sett ikkje eit jordskjelv langvarig, ofte berre nokre sekund.

Lars Ottemoller, professor i seismologi ved Universitetet i Bergen, seier til Bergens Tidende at så store jordskjelv som på 4.4 berre blir registrert cirka kvart tiande år på Vestlandet.

– Det er ikkje farleg for folk på land, men det kan vere det for oljeinstallasjonar i nærleiken, seier han til avisa.

(©NPK)