Evald Sandvik, Kim Ronny Lykkebø og Roger Midtbø er glade for å ha Ragnhild Helgheim og Sparebankstiftinga med på laget når dei no skal utvide treningssenteret.

Jølster treningssenter satsar vidare

Treningssenteret er organisert som eit samyrkjeføretak, der alt av overskot blir ført tilbake til verksemda og brukt til vidareutvikling av senteret.

Topp moderne

Treningssenteret har det mest moderne utstyr som kan skaffast og hadde sist vinter mellom 40 og 50 brukarar på trening kvar dag. Senteret tilbyr både årskort, månadskort og dagskort og har ti instruktørar som arbeider på dugnad. Faktisk er alt av arbeid på senteret dugnadsbasert, men det har vore brukt pengar på kursing av instruktørane. Akkurat det med kursing av instruktørar har hatt fokus heilt sidan starten, og har vore ei viktig satsing, ifølgje initiativtakarane og styremedlemmane Kim Ronny Lykkebø, Evald Sandvik og Roger Midtun. Dei er også fulle av lovord over innsatsen til desse instruktørane som jobbar fullt og heilt på dugnad.


Les meir i papirutgåva måndag.