Frå starten på halvmaraton for tre år sidan.

Jølster maraton er i rute

Kommande Laurdag er det på nytt duka for Jølster Maraton. For 35. gong vil løparar frå fjern og nær møtast for å springe det som mange hevdar er verdas vakraste maratonløype.

Ein av dei som stiller på startstreken er krimforfattar Gunnar Staalesen. Frå Bergen. Han skal laurdag springe sin halvmaraton nummer 50 og det er tiande gongen han stiller til start i Jølster. Staalesen har også fleire heilmaraton bak seg, eitt av dei i Jølster. Staalesen stiller på eit lag frå teatermiljøet i Bergen som kallar seg Shakespark.

Deltakarane strøymer på

— Vi er vel ganske bra i rute når det gjeld påmeldingar så langt. Erfaringsmessig så strøymer det på denne veka, og eg reknar med at vi kjem til å hamne rundt deltakartalet frå i fjor på rundt 320 i konkurranseklassane, og då er vi nøgde seier Jonny Solheimsnes i arrangørstaben. Førehandspåmeldinga stenger fredag, men det er høve til å melde seg på heilt fram til start.

— Vi veit at mange gjer akkurat det så vi kjem nok opp i deltakartalet frå i fjor, trur Solheimsnes. Ein av dei som brukar å dukke opp utan førehandspåmelding, er Helge Hafsås frå Olden. Elles er det mange som har harde løpsprogram og ikkje melder seg på før i siste liten.

— Av kjende namn som har vore her mange gonger, håpar eg også at  både Eli Anne Dvergsdal og Marius Vedvik kjem. Det same gjeld ho som vann Svinestranda opp, Karoline Holsen Kyte frå Førde. Ho har hatt ei rivande utvikling og er kanskje i stand til å slå Eli Anne Dvergsdal også flatt, seier Solheimsnes.

Meir i papiravisa fredag





Marius Vedvik og Eli Anne Dvergsdal vann 10 km i fjor.