Mange organisasjonar og lag ønskjer å nyte naturen i ro og mak - utan motorbråk frå vasskuterar.

Ja til trivsel - nei til frislepp av vasskuterar

KRONIKK: Lengtar du etter sommar i den norske skjergarden?

I år kan lyden av bølgeskvulp og måkeskrik bli overdøyvd av vasskuterar i høg fart, kloss innpå strender og svaberg. Regjeringa vil fjerne den vasskuterfrie sona langs land.


Ein brei allianse av organisasjonar ropar no varsko: Meir vasskuterkøyring vil gå ut over alle dei som brukar kysten og innsjøane som rekreasjonsområde. Fleire vasskuterar i høg fart nær land vil bety meir støy, fleire konfliktar og fleire ulykker i skjergarden og ved norske innsjøar.

Den auka trafikken vil også gå hardt utover sårbare sjøfuglbestander.

Frislepp av vasskuterar er ein korttenkt politikk som vil gagne få, og øydelegge for veldig mange.

Inntil 2013 var det forbode å bruke vasskuter i Noreg. I dag er det lovleg so lenge ein held seg minst 400 meter frå land på sjøen, og 500 meter frå land i ferskvatn.

Det er lov å passere denne vasskuterfrie sona for å kome til eit område for lovleg køyring, men då berre i veldig låg fart; maks 5 knop.

Prinsippet er at vasskuterane ikkje skal øydeleggje natur, naturopplevingar for andre, tryggleik eller trivsel langs kysten. Dersom regelverket for vasskuter vert fjerna, blir reglane for vasskuter dei same som for båt. Då blir det i praksis fritt fram å kjøre omtrent overalt.

Problemet er at vasskuterane er laga for fartsleik, og det vert ofte køyrd med høg fart og brå vendingar på same område over lengre tid. Konsekvensane av regelendringane vil vere fleire vasskuterar med høg fart og høg lyd, nærare land.

Organisasjonane som representerer natur, friluftsliv og hyttefolk med fleire har derfor gått saman om å be regjeringa ta vare på trivselen ved sjøen og halde på dei restriksjonar på bruk av vasskuter vi har i dag.

Her er åtte gode grunnar for ikkje å gje løyve til meir vasskuterkøyring:

1. Fortrenger dei mjuke trafikantane
Det er allereie eit høgt konfliktnivå på sjøen på grunn av høg fart og mykje støy. Forslaget til regjeringa vil auke konfliktane ytterlegare.

Vi fryktar at den auka motortrafikken som vasskuterane fører med seg nær land, vil fortrenge mjuke trafikantar som padlarar, badande, roarar, seglarar og dykkarar/fridykkarar - og redusere rekreasjonsverdien for turgåarar, hyttefolk, turistar og alle dei som oppheld seg ved kysten vår, på innsjøane og ved vassdraga.

2. Trugsmål mot dyre- og fuglelivet
Vår kyst har eit rikt fugle- og dyreliv, med viktige hekke- og yngleplassar.

Forsking viser at vasskuterkøyring verkar negativt på dyrelivet gjennom støy og bevegelsar. Når vi veit at kvar tredje fugleart står på raudlista, som betyr at dei kan forsvinne frå Noreg, representerer vasskuterane ein ny belastning for sårbare og utsette sjøfuglbestandar.

3. Aukar risikoen for ulykker
Dersom vasskuterregelverket vert fjerna, blir det raske og lite føreseielege køyremønsteret til vasskuterane ein aukande tryggleiksrisiko for ikkje-motoriserte aktivitetar i sjø og innsjøar.

Aktivitetar som padling i kano og kajakk aukar stadig i popularitet, og er eit verdifullt tilskot til helsefremjande aktivitetar. Auka risiko for ulykker bør difor åleine vere grunn god nok til å halde på regelverket vi har i dag.

4. På tvers av faglege tilrådingar
Ei evaluering frå Vista Analyse i 2014 konkluderer med at vasskuterkøyring kan ha vesentlege negative verknader på friluftsopplevinga til andre grupper.

Den eksisterande vasskuterfrie sona langs land spelar difor ei viktig rolle for å minske konfliktar og motsettingar mellom brukargruppene. Rapporten konkluderer med at dagens regelverket tek godt omsyn til natur og friluftslivsinteresser.

5. Trenger handheving av regelverket – ikkje fjerning
Vasskuteren har vore tillaten i Norge i berre tre år, og ulovleg køyring har allereie blitt eit stort problem. Difor treng vi ein betre handheving av reglane.

Løysninga er ikkje å ta dei vekk - det bør heller setjast i verk tiltak som avgrensar dei negative konsekvensane av vasskuterkøyring. Av omsyn til tryggleik og handheving må det også innførast registreringsplikt til sjøs (også for vasskuter), slik at det blir enklare å identifisere førarar.

6. Norskekysten er uoversiktlig.
Den norske kystlinja er lite oversynleg, full av tronge sund, holmar og skjer. Store deler av kysten vår passar difor dårleg for leik med vasskuter.

Dårleg oversikt gjev auka fare for at mjukare trafikkantar vert påkøyrd ved vasskuterkøyring og faren aukar dersom vasskuterane får operere nær land, slik forslaget til regjeringa legg opp til.

7. Går ut over reiselivet i Noreg
Noreg opplever ein sterk vekst innanfor naturbasert reiseliv og aktive opplevingar, i hovudsak ikkje-motoriserte aktivitetar.

Vi fryktar at ein auke i vasskuterkøyring vil gjere det mindre attraktivt å oppsøke Noreg for friluftslivsopplevingar langs kysten. Det vil bidra til å svekke den unike merkevaren Noreg og det norske reiselivsproduktet.

8. Regjeringa går imot eigne argument
Dersom forslaget vert vedteke, går regjeringa på tvers av si eiga stortingsmelding om friluftsliv.

Her påpeikar regjeringa nettopp at motorisert ferdsel som vasskuterkøyring utgjer ein tryggleiksrisiko for dei som padlar, seglar, ror eller badar.

Svaret på denne utviklinga kan ikkje då vere å opne fleire område for meir støy og høg fast nær land. Våre organisasjonar får mange meldingar frå folk som opplever at vasskuterkøyring allereie er eit problem, og er uroa for tryggleiken dersom denne trafikken aukar.


Vi som jobbar for at fleire barn og unge skal bli glade i natur og friluftsliv kan heller ikkje sitte med hendene i fanget og sjå på at skjergarden blir ein farlegare stad å ferdast.

Vi ber difor Regjeringa tenkje seg om ein ekstra gong før dei opnar for meir vasskutertrafikk langs verdas flottaste kyst. I staden kan Noreg velje å ta vare på trivselen og dei gode opplevingane i den norske skjergarden, so vi kan glede oss til sommaren 2017 og alle dei som kjem etter det.

Kronikken er støtta av følgande organisasjonar i Sogn og Fjordane:

Kjetil Mork, Norges ornitologiske forening, Sogn og Fjordane
Ron Overdevest, Sogn og Fjordane turlag

Marit Kjersti Bendz, Naturvernforbundet
Øyvind Korsøen, Sunnfjord kajakklubb
Peter Andresen, Gloppen padleklub